Back to All Events
Kor går grensene for kva vi kan få til med kunstig intellligens i dag, og kva mulegheiter og farar bringjer det med seg? Kva er lov? Og kva er lurt? Universitetet i Bergen, Norwegian Cognitive Center, Helse Bergen og Bergen Kommune samler landets framste forskarar og ekspertar for å finne nokre av svara.
3. november 2023 inviterer Universitetet i Bergen til konferansen «Intelligente Bergen – kraftsenter for kunstig intelligens».
Intelligente Bergen skal samle næringsliv, offentleg sektor, forskarar og studentar i Bergensregionen for å få synleggjort forsking på og bruk kunstig intelligens (AI).
Konferansen utforskar nye samarbeidsmoglegheiter og opnar for dialog på tvers av fag og sektorar i regionen. Målet er å koble ulike aktørar og vise korleis kunstig intelligens brukast, studerast og utviklast ved ein bredde av sektorar i regionen, med særleg fokus på berekraft, helse og etikk
Konferansen er fysisk, og blir arrangert av UiB AI i samarbeid med Norwegian Cognitive Center, Helse Bergen og Bergen kommune.